mandag 31. mars 2008

Reisebrev 7

Sundagen vart av den rolege sorten. Det vart gjennomført ei roleg ettermiddagsøkt, med oppvarming, pasningsøvingar og ei speløkt til slutt. På kvelden såg spelarane såg video av kampen mot Lödde. Tidlegare på kvelden fekk nokre med seg kampen Tottenham – Newcastle og Liverpool – Everton.

I dag er det avreisedag frå Kypros. Men det skal gjennomførast ei knallhard treningsøkt no på morgonen. Avreise frå håtellet er om lag kl 14:30 lokal tid. Me kjem ikkje til å legge ut noko reisebrev frå i dag.

Dersom me skal oppsummere treningsleiren på Kypros så har den vore vellukka på alle måtar. Banetilhøva har vore strålande, håtellet og maten likeså. Det er noko profesjonelt over heile opplegget her nede. Transporten til og frå treningane er presis, avtalar vert haldne. Svært bra. Treningsmessig har det også vore ei knallveke. To godt gjennomførte kampar, høg intensitet og god kvalitet på treningsfeltet og me har ingen skadde spelarar.

Det var det, som Marve Fleksnes sa det.

søndag 30. mars 2008

Reisebrev 6

Jepp, me er i live sjølv om me hadde vår sosiale kveld i går jaftes. Det er ikkje spesielt mykje å melda om i frå Cypern, men litt noko kan vera av allmenn interesse.

Gårsdagen bar preg av at det var kamp. Stemningen blant spelarar og sportsleg apparat var høg etter sigeren i går og det var eit svært godt utgangspunkt for den sosiale utekvelden. Det heile starta med kampen Man U – Villa før alle spelarane skulle samlast på rom 1603 kl 22:00.

Då var det klart for den årlege ”døypinga”. Fleire kandidatar var inne i bildet, men etter loddtrekning så var det Rune Loven som skulle til pers. Han tippa rett på 2 av 4 valg for han kunne ta av seg bindet framfor augene.

Deretter vart det ein liten snue ut på byen og det heile vart ein hyggeleg seanse som eg trur spelarane sette pris på.

lørdag 29. mars 2008

Solid Fjøra-siger over Lödde



Fjøra spelte tidlegare i dag ein svært solid kamp og vann heilt fortent 5-1. Lödde var brukbart med i 1. omgang, men i 2. omgang hang dei periodevis ikkje med og Fjøra putta fire mål.

Fjøra imponerte underteikna i dag. Såg det alt under oppvarminga at gutane var skikkeleg gira og ville vinna den siste kampen her nede. Spelarane gjorde som avtala og gjekk ut med høgt press. Det førte til eit Fjøraovertak utan at det ikkje vart skapt altfor mykje. Sjølv om det ikkje førte til mål så spelte Fjøra god fotball og det var eit svært høgt tempo i kampen til 3. divisjon å vera. Stundom spelte Fjøra seg flott fram og viste litt kva som bur i laget.

Forsvarsmessig var det solid som vanleg og Lödde hadde ikkje mange gode sjansar i laupet av kampen. Lödde var farlegast på dødball og då dei slo i bakrom / korridorar når Fjøra var i ubalanse. Det skjedde ikkje så altfor mange gangene i dagens kamp. Lödde spelar på same nivå som Fjøra borte i Sverige og viste at dei ikkje er noko dårleg lag. I første omgang var dei i høgste grad med og det var kamp. Dei kom også attende ein liten periode i 2. omgang då Fjøra slapp seg litt for langt ned.

Tidleg i kampen hadde Lödde tre cornerar på rappen der den første var farlegast. Fram til då var det Fjøra som sette standarden med sitt høge press. Fjøra sin første sjanse kom etter 18 minuttar då Arild Underdal vart spelt igjennom. Han tok ned den småvanskelege ballen, men vart såpass pressa at han ikkje fekk skikkeleg adresse på avslutninga. Berre to-tre minuttar seinare fekk Fjøra frispark ute på kanten. Det vart slege inn i boksen til Lödde, men headinga gjekk over mål. Så etter 22 minuttar kom Fjøra sin til då største sjanse. Johan Salveson vart spelt fint igjennom ute på venstrekanten. Han tok med seg ballen innover i boksen og prøvde seg med eit skot i lengste hjørna. Lödde sin målvakt varta her opp med ei glimrande redning og slo ballen til corner.

Etter om lag ein halvtimes spel fekk Lödde frispark frå om lag 25 meter nester rett på målet til Bjarte Hovland. Frisparket vart skrudd rundt muren og hadde retning mot vinkelen. Bjarte Hovland var fint med og slo ballen til resultatlaus corner. Dette var vel eigentleg den einaste reelle målsjansen Lödde hadde i 1. omgang.

Fjøra var det førande laget ut omgangen, og for så vidt heile omgangen også, men dei lukkast ikkje heilt med dei siste trekka som kunne ført til store målsjansar. Men 2 minuttar før pause lukkast Fjøra å scora. Det var eit flott angrep også. Terje Flugheim slo opp på ein møtande Arild Underdal som la ballen attende til same mann. Flugheim slo ein gjennombrotspasning til Johan Salveson som hadde starta ute på kanten. Salve jr. slo ballen inn i boksen til Lödde som berre delvis greidde å avklare. Ballen hamna rett utanfor 16-meteren der Jens-Ivar Nilsen hadde kome opp. Han såg at Arild Underdal stod rettvendt og passa ballen til han. Skotet til Underdal gjekk i mål via keeper. Ei svært fortent Fjøra leiing. Berre minuttet etter varta Fjøra opp med eit nytt praktangrep ute på høgrekanten. Det kanskje artigaste med dette angrepet var då Ingmar Sægrov laut ut for å skubbe vekk linemannen, som sprang langs streken side om side med Sægrov. Sægrov måtte bue løpet sitt litt ut for å slå innlegg, men det var umogleg med linjemannen rett att med seg. Difor såg han seg nøydd til å gripa tak i problemet sjølv. Angrepet enda med frispark heilt nede på kanten som det ikkje vart noko ut av.

Ein imponerande god 1. omgang av Fjøra dette her. I pausen gjorde Fjøra eit byte. Inn kom Sverre Martin Langedal og han sytte for den beste einkeltmannsprestasjonen i kampen.

Fjøra gjekk opp i 2-0 etter berre 2 spelte minuttar av 2. omgang. Jens-Ivar Nilsen vann ein duell utanfor Lödde sin 16-meter og prøvde å stikke igjennom til Frode Kvåle som kom på løp bakifrå. Kvåle greidde å få med seg ballen og åleine med målvakten sette han ballen kontrollert inn i hjørna. Fjøra opna 2. omgang som det klart førande laget, og som i 1. omgang, spelte dei stundom lekker og rask fotball der det svenske laget ikkje hadde nubbesjans til å henge med i svingane.

Når eit lag ligg og styrer kampen så kan det koma sjansar ut av ingen ting. Ein slik sjanse hadde Lödde etter om lag 53 minuttar. Dei kom seg rundt på høgrekanten og innlegget var perfekt slege inn på bakerste stolpe. Löddespelaren hadde berre å sette planeten til og redusere. Dette gjorde han også, og alle rundt stadion såg ballen i mål. Men Bjarte Hovland varta opp med ei utruleg reaksjonsredning og stillinga var dermed uforandra.

Minutten etter var det Fjøra sin tur. Ein corner vart slegen inn på bakerste stolpe og me trur det var Ole Morten Kvam som nikka ballen ut at i feltet. Der stod Terje Flugheim og nikka ballen like over mål. Ny god Fjørasjanse. Midtvegs i 2. omgang var det Arild Underdal sin tur til å brenne ein stor målsjanse etter at Sverre Martin Langedal vende vekk ein forsvarar og spelte Underdal åleine med keeper. Underdal prøvde å sette ballen i nærmaste hjørna, men ballen gjekk i nettveggen.

Etter 71 minuttar kom kampens desiderte høgdepunkt. Sverre Martin Langedal fekk ballen på midtstreken. Han vende vekk sin ”ryggsekk”, avanserte mot neste hinder. Med mykje bakrom slo Langedal ballen på ei side og sprang på den andre. Tok att ballen og drog seg inn mot boksen til Lödde. Ein dobbel overstegsfinte, så var neste mann i pølsebua, før Sverre sette ballen bort i lengste hjørna 3-0. Ein makalaus prestasjon.

Etter 75 minuttar hadde Underdal ein stor sjanse då han fekk vende opp på 10 meter og avslutte. Men denne gongen var keeper på platten og redda fint. Tre minuttar seinar gjekk Fjøra opp i 4-0 leiing. Det var enten ein corner eller eit frispark som vart slege inn i boksen. Etter litt klabb og babb inne i boksen så fekk Ole Morten Kvam sett ballen i nota, slik som han har gjort så mange gonger tidlegare denne vinteren.

Lödde skulle få si redusering, men den skulle dei aldri ha fått. På eit heilt uforståeleg vis vart det dømt straffespark til svenskane. Lödde er oppe på eit tilsynelatande ufarleg angrep og Bjarte Hovland skrik at han tek ballen. Han sklir ned på vanleg keepervis og har ballen i fast grep. Inn frå sida kom ein Löddespelar og ramlar over Hovland. Linjedomaren vinkar som målgangen på eit Formel-1 løp og dommaren bles straffe. Peter Blomquist var sikker frå 11-metersmerkjet og dermed 4-1. Slike mål skulle ein ikkje ha fått lov til å kalla for teljande. Terje Flugheim vart så forbanna at han prata på seg eit mariekjeks. Heilt forståeleg sjølvsagt.

To minuttar før slutt fastsette Sverre Martin Langedal sluttresultatet til 5-1. Fjøra fekk frispark heilt ute på kanten

Lödde hadde ein periode i 2. omgang der dei kom litt meir med i kampen. Difor er det ekstra positivt at Fjøra kom attende og avslutta kampen solid til tross for at dei leia kampen så klart som dei gjorde. I staden for å la Lödde koma attende krumma kaftein Nilsens disiplar nakken og kom attende. Imponerande.

Det var mange gode på Fjøra i dag og det vert vanskeleg og heilt feil å dra fram einskildspelarar etter ein så god kollektivt gjennomført kamp. No har Fjøra spelt 2 gode treningskampar her på Kypros og eg tykkjer at laget har kome langt i arbeidet sitt. Utfordringa no framover og når alvoret startar er å halda trøkket oppe på treningsfeltet når ein kjem heim til Sognahallen og Sogndal stadion.

Og til både Kyrre Mats og Ingmar, me har ikkje gløymt tunnellane dykkar :-).

KAMPFAKTA:

Fjøra FK – Lödde 5-1 (1-0)
Ayia Napa, bane 1, laurdag 29. mars 2008, kl 15:00

Mål:
1-0, Arild Underdal, 43 min
2-0, Frode Kvåle, 47 min
3-0, Sverre Martin Langedal, 71 min
4-0, Ole Morten Kvam, 78 min
4-1, Peter Dahlquist, 81 min
5-1, Sverre Martin Langedal

Gule kort:
Frode Kvåle og Terje Flugheim, Fjøra. Ingen til Lödde.

Fjøra (4-4-2): Bjarte Hovland – Torbjørn Ylvisåker, Ole Morten Kvam, Terje Flugheim, Kyrre Mads Myren – Johan Elverum Salveson (Kujtim Marmellaku i 25 min), Jens-Ivar Nilsen, Frode Kvåle (Vegard Ruud i 10 min), Ingmar Sægrov – Sverre Martin Langedal (Ronny Einan i 25 min) og Arild Underdal

Kamp mot Lödde i dag

Det har nett vorte gjennomført spelarmøte framfor dagens kamp mot svenske Lödde. Fjøra stiller med følgjande lag i ein 4-4-2 formasjon.

Bjarte Hovland – Kyrre Mats Myren, Ole Morten Kvam, Terje Flugheim, Torbjørn Ylvisåker – Ingmar Sægrov, Frode Kvåle, Jens-Ivar Nilsen, Johan Elverum Salveson – Ronny Einan og Arild Underdal

Det betyr at følgjande startar på benken: Rune Loven, Sverre Martin Langedal, Sigurd Fardal Nes, Kujtim Marmellaku, Vegard Ruud og Frank Elvagjeng

Fjøra kjem til å gå ut med høgt press frå start av. Elles vart det gått gjennom dødballar og viktigheiten av å følgja avtalar gjort på førehand.

Etter det me har sett av Lödde sine treningar så virkar laget til å vera eit fysisk sterk lag som garentert kjem til å by Fjøra god motstand.

Kampen går kl 15:00 lokal kypriotisk tid, 14:00 heime i gamlelandet. Me kjem attende med eit kort referat seinare i dag.

Elles er det bestemt at Jens-Ivar Nilsen vert årets Fjørakaftein. Terje Flugheim vert vise-kaftein og Frode Kvåle er fast straffesparktakar.

Reisebrev 5

Det såg lenge ut til å bli ein roleg dag på ”vestbredden” i går kva hendingar angår. Men så fann Kvaolen ut at han skulle gå over til skikkeleg sommarsveis. På treningsfeltet var det slett ikkje roleg. To treningar, den første hard, den andre litt lettare. Reisebrev for fredag er klar.

I går kveld, rett før middag, fann Frode Kvåle ut at han hadde lyst på ein litt meir sommarleg sveis. Han fekk tak i ei barbermaskin, stilte den på 0,6 cm og raka av seg lokkane. Med god hjelp frå romkamerat Terje Flugheim var det nesten som at Fjøra hadde fått ein ny spelar i troppen. Resultatet vart retteleg så bra, tykte me (kjem attende med eit skikkeleg bilde seinare).

Morgontreninga i går vart ei knalløkt. Sjeldan har me sett betre treningar i Fjøra FK. Gutta verka konsentrerte både under formasjons- og pasningsøkta og vart avslutta av ein knallkamp på 2 x 16 minuttar der raudt lag greidde kunststykjet å slå dei gule heile 8-0. Dette var speløkta der raudt lag lukkast med alt. Pasning og løpa sat som hand i handske og dette fann gult lag aldri ut av. Me nøyer oss med å nemna farge på vinnande lag, nemner ingen namn.

Også i kveldsøkta var det skikkeleg swung over. Konsenterte spelarar og god kvalitet over øvingane. Treninga vart avslutta med ein konkurranse der ballen vert slege inn frå kantane, 5 innlegg frå kvar kant, der meininga rett og slett er å forsvare seg når motstandarlag legg inn og score mål ved eige legg. Stor prestisje i denne konkurransen. Straff for tapande lag: Inn i målet med ryggen mot bana, shortsen ned på knitti, lett bøyg framover. Vinnande lag med kver sin ball på 16 meter. Resten ser de sikkert føre dikka.

Trenarane gjennomfører elles spelarsamtalar gjennom treningsleirveka der spelarane få lufte ting dei lurer på, og vise versa. Nyttig informasjon og tilbakemeldingar for båe partar. Elles skal men emna at trenarane / støtteapparatet har vore med litt på treningane samt at dei køyrer eit eige opplegg utanom. Asle Hillestad har kvar dag jogga frå treningsfeltet og ned att til hotellet, ein strekning på druge 5 km. Dei andre har køyrt drag på plenen utanfor leiligheitane. Fuglesteg er for tida skada med 2 femkroners gnagsår på helane og har dermed meldt seg indisponibel til dragøktene.

Skadesituasjonen i troppen er under kontroll og på gårsdagens treningar var det berre Frode Kvåle som måtte stå over. Grunnen er nett den same som Fuglesteg, digre og djupe gnagsår. Men Kvåle har fått tak i ein vidundersalve og me reknar med at han er klar til dagens kamp. Sverre Martin Langedal har slite litt med ryggen, men var i trening i går. Johan Salveson likeså. SpringMeir Sægrov deltok for fullt på båe treningane i går og hans skade ser ut til å vera lega på rekordtid. Det er glimrande.

Knallveir frå morgonen av i går så det var høve til å få seg litt sol på kroppen. Sola tek derimot heilt utruleg og det gjer den frå kl 08:00 om morgonen. Utover gårdagen skya det derimot over og på veg heim frå ettermiddagstreninga så var det litt yr i lufta.

Kvelden i går var roleg og etter å ha sett Rambo 4 på storskjerm nede i konferanserommet kraup spelarane i køysebingen. Lurt det med tanke på dagens kamp mot Lödde.

Gårsdagens treningsdag skal spelarane ha STOR skryt for. Om dei ikkje greier å halde like stor intensitet på kvar trening, så bør målsetjinga vera å gjere det så ofte som mogleg.

fredag 28. mars 2008

Bilde frå treningsleiren – del 1

Bloggen som me nyttar er litt upraktisk når det gjeld innlegging av mange bilde, men det har me løyst på eit slags vis. Me har teke ein god del bilde frå treningsleiropphaldet og her kjem første del av bildematerialet, som gjer at dei heime jeddna får eit lite inntrykk av korleis me har det her nede.

Måndag 24. mars – reisen til Kypros
Tysdag 25. mars – første dag på treningsleiren

Reisebrev 4

Ein liten kik ut vindauga fortel at ein ny fin soldag er på beddingen. Flott altso. Men me skal oppsummere gårsdagen. Dagens reisebrev tek føre seg situasjonen til ”SpringMeir”, Tour de Cyprus og taxi.

Ingmar Sægrov har fått seg eit alias her nede. Først var det nokon som kom på namnet SpringMar før eit klokt hovud føreslo SpringMeir. For dei som kjenner O2 kapasiteten til Ingmar skjønar difor at namnet er ironisk meint. Skadesituasjon han SprinMeir er ikkje så alvorleg som det kunne sjå ut for og han deltok litt på restitusjonsøkta i går. Tippar han er med for fullt om kort tid. Elles så slit Sverre Martin Langedal litt med føtene / nedste del av ryggen (røvi), noko han fekk under kampen mot Enköping.

Gårsdagen bestod kun av ei restitusjonstrening på morgonen. Fem rundar lett jogg, balltennis, innleggstrening med avslutning og rein avslutningstrening. For dei som ikkje fekk så mykje speletid i kampen mot Enköping så var det kamp 4 mot 4 på lite område mot gamlehundadn. Best av 4 kampar. Ungkara Ronny Einan, Sigurd Fardal Nes, Kujtim Marmellaku og Frank Elvagjeng skulle bryne seg mot Asle Hillestad, Tor Henning Mardal, Vegard Fardal Nes og Jan Fuglesteg. Grunna alder og eit noko stutt treningsgrunnlag hjå einskilde på gamlelaget så var dei tilgodesett med å ha ein reserve på laget. Gamlegutta gjekk friskt til verk og vann første kampen 2-0, men det spørst om ikkje dei svei av alt kruttet i den første kampen. Kamp 2 enda 1-1, medan ungdomen køyrde over eit slitent gamlelag i tredje kamp. Framfør siste kamp stod det 4-4 og etter ein svak 3. kamp der gamle gutta klart vart på defensiven. Men dei løfta seg ein del og gav dei unge god kamp. Mellom anna hadde Årøy to gigantsjansar til å avgjere kampen. Til slutt putta dei unge slik at dei vann 5-4. Asle Hillestad putta 3 av måla til dei gamle, Årøy det siste. Alle måla til Hillestad var av den lekre sorten. Kven som putta for unggutta fekk diverre ikkje underteikna med seg då han var i ein heilt anna verden (kjentes nesten ut som dei evige jaktmarker), spesielt fysisk.

Grunna solid innsats mot Enköping så fekk spelarane fri frå kveldsøkta i går. Med flott ver så var det mange som benytta den anledningen til å få seg litt farge på kroppen. Og det var det ein del spelarar som fekk til gangs. Frode Kvåle fekk god farge i ansiktet, og då det gjekk opp for han at sola tok i noko forferdeleg, fann han ut at det jeddna var greit å smørja seg, noko han også gjorde. Men då var det for seint. Resultatet var raud farge i ansiktet. Men det er vel Kyrre Mads Myren som vart solbrent på den mest spesielle plassen, nemleg på begge håndbakane. Korleis han fekk til dette er eit mysterium.

Bjarte Hovland og Torbjørn Ylvisåker leigde seg kvar sin sykkel, sistnemnde ein damesykkel, og sykla rundt om i Ayia Napa sentrum. Tobbe påstod hardnakka at dei hadde bortimot sykla rundt øya, noko me må karakterisera som Tour de Cyprus.

Elles skapar venstrekøyringa av og til artige episodar. Hillestad, Årøy, Mardal og Fuglesteg gjekk frå hotellet og ned til Ayia Napa sentrum langs standprominaden, ein tur som tok om lag 1 time. Dei skulle på shopping. Då dei skulle heim fann dei ut at det vart for lang å gå og bestemte seg for å ta ein taxi. Så tenkt, så gjort. Mardal skulle sitta frammi tassien og gjorde som vanleg. Stilte seg utanfor høgre framdør og rimeleg bestemt på at der skulle han inn. Litt utolmodig for at tassi-sjøfføren aldri opna døra for han snudde han seg og der stod den gamle kyprotiske sjåfferen rett bak Mardal og sa på gebrokkent engelsk: ” I think I’am driving”. Mardal rusla godt flaue over mot venstre og sa lite på turen heim til hotellet.

Etter middag vart kampen mot Enköping vist for spelarane på storskjerm. Nyttig feed-back for spelarane dette då dei oppdagar ting som er bra og ting som er mindre bra.

Til slutt skal me kort nemna at maten er god her nede og at me alle et godt. Men det har vist seg at maten kan gi utslag i ein noko guffen eim i ettertid. Slik tilfellet var under ei Spar dame økt inne på rom 1603 i jaftes. Sjølve spelet enda med ein solid siger til Asle Hillestad (760+). Deretter kom Jan Fuglesteg, Jan Rune Årøy og sist med 1500+ poeng kom Tor Henning Ola Mardal Beim.

Elles er alt vel her nede og me trivst fortsatt godt om nokon skulle vera bekymra for det.

Tek med at Fjøra i morgon, laurdag, skal ut i ny kamp. Denne gongen mot Lödde, som er eit svensk nyopprykka 3. divisjonslag.

torsdag 27. mars 2008

Reisebrev 3

Heile dag nummer 2 på Kypros er unnagjort, ein dag som vart prega av at det skulle spelast kamp. Då underteikna kom til matsalen sat samtlege Fjøraspelarar klar til å ta inn sikringskost.

Sidan det skulle spelast kamp så vart det gjennomført ei lett morgonøkt på om lag ein time. Oppvarming (firkant), pasningsøving og litt formasjonstrening om eg ikkje hugsar feil. Bjarte Hovland fekk seg ei skikkeleg økt sidan han ikkje skulle spele kamp mot Enköping. Spissane Underdal og Langdal hadde også ei økt med avslutningstrening.

Etter trening var det klart for eit spelarmøte framfor kamp, der taktikk og formasjon defensivt og offensivt vart gått i gjennom. Deretter lunsj og avslapping / førebuing til kamp.

Etter kampen reiste ein del spelarar ned i badstua ved hotellet for å pleie kroppen sin.

Elles vart gårsdagens kamp filma og den vart gjennomgått i går kveld. Inntrykket ein sat att med etter å ha sett kampen live, var at Enköbing var langt meir overlegne enn det ein fekk inntrykk av etter å ha sett video frå kampen. Enköping vann sjansestatistikken 12-3 (viss me er litt snille med sjansane til Fjøra). Enköping trilla mykje ball og Fjøraspelarane kom ikkje heilt oppi, men alt i alt så var det ein godt gjennomført kamp av Fjøra dette her. Trenarane ser også at spelarane i kampsituasjon, prøver på det dei har trent på, og det mot eit så robust og ballsikkert lag som Enköping. Det er positivt.

Kvelden vart elles nytta til å sjå landskampen Frankrike – England.

Elles fekk me den første (og forhåpentlegvis den einaste) skaden i går. Ingmar Sægrov hadde fått seg ein trykk under kampen, men merka ingenting då og for så vidt etter kampen heller. Men utover kvelden fekk han skikkeleg verk i ankelen og måtte ise ned foten heile natta. Han hadde skikkelege smerter i går kveld. Men i dag tidleg var han oppe til frukost og er mykje betre. Me får sjå hur det går utover veka med Ingmar.

onsdag 26. mars 2008

Tap mot godt Enköping-lag

Det vart eit relativt klårt 4-1 tap mot Superettanlaget Enköping i dagens treningskamp her nede på Kypros. Enköping framstod som eit svært godt og offensivt lag og tidvis var det nivåskilnad på laga. Men Fjøra skal ha ros for at dei stod på og gav Jesper Blomquists elevar grei kamptrening.

For Fjøra vart dette ein solid fysisk gjennomføring og det tek me med oss i det vidare. Enköping var eit teknisk godt og svært pasningssterkt lag og utover i kampen merka Fjøra dette. Me får trøsta oss med at den motstanden som Fjøra møtte i dag vil me heldigvis ikkje møte ein einaste gong i årets serie.

Kampen opna jamnt der laga følte litt på kvarandre og det kunne faktisk heilt i starten virka som at Fjøra greidde å etablere litt spel også. Men etterkvart så reiv det ballsikre og bevegelege Enköpinglaget til seg eit markant spelemessig overtak og dei starta også å produsera sjansar.

Fjøraspelarane ville så mykje i dag, men dei kom akkurat litt for seint i dei fleste duellane og svenskane fekk spele mykje pasningsspel. Og det gjorde dei bra.

Enköbing tok leiinga etter om lag 19 minuttars spel. Det målet skulle dei aldri ha fått. For det første skulle Johan Salveson hatt eit soleklart frispark på veg inn på Enköpings banehalvdel då han vart takla bakfrå. I staden for frispark til Fjøra knalla dei ballen bak vår forsvarsfirar og i frå vår ståstad så virka det som ein soleklår offside. Dette vil me få prov på når me går igjennom video-opptaket frå kampen. I alle fall så kom ein Enköpingspelar (nr. 10) åleine mot Rune Loven og det vart ein duell ut av situasjonen. Loven stoppa forsøket, men uheldigvis greidde spissen å fange opp returen og lobba ballen over Loven og i tomt bur. Ut frå spel og sjansar var det ingen ting å seie på resultatet, men litt surt at det kom på den måten.

To minuttar seinare fekk Fjøra frispark litt ute på høgrekanten. Ballen vart slege hardt inn i feltet mot bakerste stolpe og der raga Terje Flugheim høgast og nikka ballen inn att i feltet. Den heldt på å nå Arild Underdal som då kunne ha sett den i mål, men han nådde ikkje fram og Enköping fekk avklart.

Dei neste 10 minuttane så hadde svenskane fleire gode sjansar, men Rune Loven var på pletten og fekk slege ballen til corner som det ikkje vart så mykje ut av, sjansemessig.

Etter vel ein halvtimes spel fekk Fjøra frispark heilt nede ved cornerflagget til Enköping. Ballen vart slegen hardt inn på bakerste stolpe der Johan Salveson fekk stå heilt umarkert og nikke på mål. Keeper redda headinga, men han måtte gi retur og ballen hamna ut att i feltet. Ole Morten Kvam ofra seg skikkeleg og brysta vel ballen i mål frå kort hald. Dermed 1-1, mot kampens gang.

Minuttet etter fekk ein Enköpingspelar beskjed om å forlata bana etter at han spytta Ole Morten Kvam i andletet. Både Kvam og Flugheim var noko sinte då spelaren prøvde å filme til seg frispark / straffespark, og gav klar beskjed til spelaren om kva dei meinte om det. Svensken svara med ei spyttklyse og måtte rusle ut av bana. Enköping fekk bytte inn ein annan spelar slik at kampen fortsette 11 mot 11.

Rett før pause gjekk Enköping opp i føringa. Vegard Ruud vart liggjande litt for høgt og Enköping fekk spele ballen på innsida av Ruud og ut mot kant til ein spelar som kom på eit sugande løp. Innlegget var perfekt og ballen vart stanga kontrollert i mål frå 5-6 meters hald. Den hadde ikkje Rune Loven nubbesjans på å fakke. Kanskje vart også Enköping snytt for eit straffespark då den teknisk gode og raske høgrekanten til Enköping kom på eit skikkeleg raid langs kanten. Salveson kom på etterskot, svensken skar inn og Salveson prøvde seg med ei sklitakling skrått bakfrå. Svensken gjekk i bakken og det det spørst om ikkje det var frispark. Spørsmålet var om svensken var innanfor 16-meteren. Meir skjedde det ikkje i 1. omgang. Resultatet 2-1 til Enköping var i alle fall fortent nok, og burde nok ha vore større.

I dei første fem minuttane av 2. omgang skulle Fjøra prøva å stå høgt for å prøva sjokke Enköping. No lukkast ikkje Fjøra heilt med det ballsikre laget, men greit å prøve det ut. Det var Enköping som var det førande laget. Etter 50 minuttar kom den første sjansen, då ein Enköpingspelar knalla til frå 20 meter. Rune Loven var fint nede og slo til corner som det ikkje vart noko ut av.

Etter om lag 60 minuttar var det klart for 3-1 til Enköping. Venstre kantspelar tråkla seg mellom 2-3 Fjøraspelarar og sette ballen til side for Rune Loven. Godt gjort av vingen, men dette målet kunne kanskje vore unngått. Likevel var 3-1 heilt greitt ut frå korleis spelet arta seg denne perioden. Svenskane fortsette trykket mot Fjøra dei neste minuttane og produserte ein del brukbare sjansar utan at det gav teljande resultat.

Etter 65 minuttar fekk Fjøra frispark 25 meter frå Enköpings mål. Ronny Einan gjorde seg klar og løfta ballen over muren og mot næraste stolpe. Ballen gjekk like utanfor stonga. Eit godt forsøk av Einan dette.

I perioden som kom var Fjøra betre med i kampen. Dei greidde å halde litt meir på ball og hadde einskilde angrep via midtbana der ballen gjekk kjapt og presist. Dette førte til nokre innleggssituasjonar som det ikkje vart noko ut av.

Me skal og ta med at Enköping vart snytt for eit mål etter 69 minuttar då linemann vinka for offside som det ikkje var. Ballen hamna i nota og det burde vorte teljande. Tek ein med at 1-0 målet til Enköping truleg aldri skulle ha vore mål så får me vel seie at denne annulleringa vog opp for målet etter 19 minuttar.

Rett før slutt skulle likevel Enköping få sitt 4-1 mål då ein spelar fell ballen på 18-20 meter og knalla til med strak rist. Ballen fauk bort i hjørna utagbart for Rune Loven. Det var bortimot det siste som skjedde på bana.

4-1 gav eit rettvist bilete av kampen, men det er i grunnen ikkje så altfor mykje å henga med nebbet etter for Fjøraspelarane motstanden teke i betraktning. Me møtte eit klart betre lag enn oss, men gav i periodar brukbar motstand. Enköping stilte med 3-4 førstelagsspelarar av særs høg klasse og desse spelarane fekk gjere mykje i dag. Likevel tek me med oss ei positiv oppleving frå kampen, og kanskje også noko å strekka oss litt etter. Laget me møtte i dag holdt god 2. divisjonsstandard målt etter norsk standard.

Periodevis ein godt gjennomført kamp tross klart tap. Bra laginnsats over heile lina mot god motstand. Så lenge me taper kampar så klart som me gjorde i dag så er det jo klart at det er forbetringspotensiale. Det jobbar Asle og Jan Rune med kontinuerleg og det vert stadig betringar. Ei god treningsveke her på Kypros, med innlagd kamp mot Lödde på laurdag er viktige bidrag til forbetring i Fjøra framover.

Dagens domartrio var for å seie det pent av den uinspirerte sorten og dei tok like godt å dømde av kampen 4-5 minuttar før den var ferdig. Utan at det gjorde noko som helst for utfallet av denne kampen :-).

Les meir om kampen på unt.se.


KAMPFAKTA:

Fjøra FK – Enköping SK Fotball 1-4 (1-2)

Ayia Napa, bane 12, onsdag 26. mars 2008, kl 15:00

Mål:
0-1, Anders Lindberg, 19 min
1-1, Ole Morten Kvam, 32 min
1-2, Emil Oremo, 44 min
1-3, Emil Oremo, 59 min
1-4, Linus Bylinn, 81 min

Fjøra (4-4-2): Rune Loven – Vegard Ruud (Sigurd Fardal Nes i 10 min), Ole Morten Kvam, Terje Flugheim, Kyrre Mads Myren – Johan Salveson (Torbjørn Ylvisåker i 45 min), Jens-Ivar Nilsen, Frode Kvåle (Kujtim Marmellaku i 25 min), Ingmar Sægrov – Sverre Martin Langedal (Ronny Einan i 25 min) og Arild Underdal (Frank Elvagjeng i 20 min)

Enköbing (4-2-3-1): Ludwig Bergström - Sebastian Frisén, Sergiy Mytin, Tobias Forsberg, Anton Persson - Jamal Mohamed (utvist, Viktar Sokal i 53 min), Eric Hammar (Rory Davies i 29 min) - Mikael Tukhanen, Linus Bylin, Emil Oremo - Anders Lindberg

Kamp mot Enkøping

I dag er det klart for treningsleiren sin første kamp og det er mot det svenske laget Enkøping. Enkøping spelar til dagleg i Superettan der dei har leve på nederste halvdel dei siste åra. Som de sikkert skjønar så er det ikkje noko å seie på motstanden og det er venta at Fjøra-gutta får køyrt seg i dag.

Det har nett vore gjennomført eit spelarmøte der taktikken for kampen er lagd utan at me vil gå for mykje inn på detaljane.

Laget til Fjøra i ein 4-4-2 formasjon er:

Rune Loven – Vegard Ruud, Ole Morten Kvam, Terje Flugheium, Kyrre Mads Myren – Johan Salveson, Jens-Ivar Nilsen, Frode Kvåle, Ingmar Sægrov – Sverre Martin Langedal og Arild Underdal

Det betyr at Bjarte Hovland, Sigurd Fardal Nes, Ronny Einan, Torbjørn Ylvisåker, Vegard Fardal Nes, Frank Elvagjeng og Kujtim Marmellaku.

Det er ein svært motivert gjeng som gler seg til kamp på ei glimrande bane, i eit stråland ever, mot eit godt lag. Bedre vert det jo ikkje.

Me kjem attende med eit stutt kampreferat og bilde etter kampen som startar kl 15:00 kypriotisk tid (14:00 norsk tid).

Reisebrev 2

Første dag på Ayia Napa er unnagjort og me kan vel ikkje seie anna enn at me stortrivst her nede. I går var det ein roleg dag, og etter at lunsjen var unnagjort og litt slappe tå-ing var det klart for første treningsøkt.

Me var litt spente på korleis kvaliteten på treningsbanene var her nede. Når me kom køyrande opp til treningsbanefeltet så fann me fort ut at banekvaliteten var av ein heilt anna standard enn det som var tilfelle i Malaga i fjor. Banekvaliteten var fantastisk og minna meir eller mindre om golf-greenar. Ein kunne nærast sjå at spelarane lyste opp og såg fram til springa ut på graset som vårtylne Hafslo-uksar.

Treningsøkta på 1,5 time bestod stort sett i firkantoppvarming der tunnellane hagla, i alle fall i firkanten til eldstegutta. Økta bestod vidare av pasningsøvingar, formasjonstrening og ein poengmatch på 2 x 12 minuttar, 9 mot 9 mann.

Gult lag gjekk av med sigeren 3-0 etter at Ronny Einan (2 mål) og Vegard Fardal Nes putta for gulegutta. Vinnarlaget bestod forøvring av Bjarte Hovland i mål, Ole Morten Kvam, Vegard Ruud og Torbjørn Ylvisåker i forsvar, Jens-Ivar Nilsen, Vegard Fardal Nes, Ingmar Sægrov og Kujtim Marmellaku på midtbana, medan Ronny Einan spelte oppe på topp. Alt i alt ei god treningsøkt.

Gamlegutta køyrde 40 drag etter trening og både Fuglesteg og Mardal hadde då antydning til hamstering :-). Årøy derimot, var frisk og fin i krøppa.

Etter middag var det stort sett avslapping og litt kortspel, medan andre tok seg ein liten rusletur ned mot sentrum. Andre i igjen (men emner ikkje namn) sjekka ut nokre halvlugubre tyske TV-kanalar. Me skjønar ikkje heilt kvad ei sa, men me sjøkjønte godt kvad ei gjorde. Greit å slappe av litt når dei skulle spela kamp dagen etter.

Kva anna kan me seie at me har det som plommen i egget.

I dag ser det ut til å bli endå heitare enn i går, tross for at det ikkje var meldt det heilt store veret.

We’ll be back!

tirsdag 25. mars 2008

Dette lovar godt

Det ser ut til å bli ein fin-fin treningsdag. Gutta har fått seg bra med søvn og dei har nett ete ein betre lunsj.
Førsteinntrykket av plassen er svært bra. Romma er store, det er eit fint område, maten er god og temperaturen i dag kl 12:30 var rundt 22-23 grader i skuggen.

No etter lunsj slappar spelarane av før det vert avreise til første trening kl 15:00. Me håpar at treningsbanene er av same kvalitet som resten av fasilitetane. Opplegget her nede virkar profesjonelt og det er alltid personell som hjelper til om det skulle vera behov for det.

Dette lovar bra og me trivst godt alt.

Reisebrev 1

Dette førtse reisebrevet er skrive aldeles i ørska etter ein strabasiøs og lang reise til Kypros. Me kom fram til håtellet om lag kl 06:00 lokal tid og me har no nett fått oss nokre timar på puta. Reisebrev 1 handlar om avklimatisering, avising og tunge biffmiddagar.

Turen frå Sogndal til Gardermoen gjekk heilt etter planen og me var framme på flyplassen rett etter kl 20:00. Vidar Grepstad med sin nymoderne og flotte buss losa oss trygt fram. Sjølv om det gjekk radig unna så merka me slett ingen ting til det og det skuldast nok Grepstad sine fabelaktige eigenskapar bak rattet. Takk, Vidar!

Me stoppa på erverdige Bromma for ein pitstop og litt hallingdølsk sikringskost. Eller som Torbjørn Ylvisåker sa det i matkøen; dersom eg bestiller med ein biff så har eg ete 3 biffmiddagar på 2 dagar. Biff med bernaise og påm fri vart det på Tobbe.

Etter ei ferfekt innsjekking og nauvendige kroppslege erend på Gardermoen (ingen som torer dette i nyebussen til Grepstad :-) var det å venta på flyavgang. Denne vart sjølvsagt utsett som vanleg er for kveldsflya. Ikkje mykje, men me kom oss nok ikkje opp i lufta før etter ein time etter oppsett avreisetid kl 22:05. Tida vart nytta til kortspel. No skal det takast med at vår forsinking var relativt liten i forhold til flyet som skulle til Phuket. Det flyet var 13 timar forsinka så me kan ikkje klaga så altfor mykje.

Rett før take-off vart flyet avisa og Jan Rune Årøy snur seg mot Birdstep og spør om dei er starta med avisinga på vår side. Tunghøyrt som han var svara han som sant var at det ikkje låg noko avisa i setelomma hass…

Elles kunne flyturen til Kypros fortona seg ei avklimatisering frå norsk til kypriotisk klima. Det er utan tvil den varmaste flyturen underteikna har hatt nokon sinne. Flyturen hadde også snev av dramatikk, då ein eldre herremann segna om i flysetet og måtte ha tilførsel av oksygen. Det var nok den fæla varmen i flyet som sytte for dette. Heldigvis gjekk det berre bra med mannen.

Me skal og ta med at Jens-Ivar Nilsen var noko bekymra då han kikka or glaste og til sin store forskrekkelse såg at det var klistra ein diger raud L på vingen. Han trudde moglegeins det var snakk om lærekøyring.Også flyturen nedover tok lengre tid enn planlagd og me landa ikkje før nærmare 05:00 lokal kypriotisk tid. Deretter var det 45 minuttar i buss inn til håtellet. Buss-sjåfføren var hard på gassen for å seie det mildt, noko me ikkje hadde noko som helst i mot. Saman med Grepstad så var nok vår lokale bussjåffør Europas svar på Mikael Schumacher.

Etter ei kjapp innkvartering på rom med utdelt frukost var det rett i seng for slitne spelarar og trenarar. No har me fått 3-4 timar på puta og ein kjapp titt ut vindauga fortel at det vert ein solbrillefin-fin dag på Aiya Napa.

Grunna sein ankomst så vert det ikkje morgontrening i dag, slik at første trening vert kl 16:00.Men til alle som av ein eller annan grunn skulle vera bekymra, så er det ingen grunn til det. Me er vel framme og ser fram til å kome i gang med årets treningsleir.

Me høyrest!



søndag 23. mars 2008

Avreise Kypros

I morgon reiser Fjøra FK til Kypros for ei vekes treningsleir. Avreise er kl 13:45 frå Sognahallen. Bussjåffør Vidar Grepstad kjem til å losa oss trygt til Gardermoen der me er venta å vera om lag kl 20:00. Flyet til Kypros har avgang om lag kl 22:00 og sjølve flyturen tek om lag 4 timar. Det vert ein lang tur og me er nok ikkje framme før langt på natt lokal tid Kypros. Tippar me ikkje er i køysebingen før nærare 03:30 tysdags morgon lokal tid.

Følgjande personar reiser til Kypros:

Spelarar: Bjarte Hovland, Rune Loven, Vegard Ruud, Jarle Flugheim (?), Terje Flugheim, Torbjørn Ylvisåker, Ole Morten Kvam, Kyrre Mads Myren, Ingmar Sægrov, Sigurd Fardal Nes, Vegard Fardal Nes, Kujtim Marmellaku, Jens-Ivar Nilsen, Ronny Einan, Frank Elvagjeng, Johan Salveson, Frode Kvåle, Arild Underdal og Sverre Martin Langedal

Trenarar / støtteapparat: Jan Rune Årøy, Asle Hillestad, Tor Henning Mardal og Jan Fuglesteg

Forutsett at det er nettilgang der me bur eller i nærleiken, så skal me halda familie og andre oppdaterte på kva som skjer under treningsopphaldet frå avreise til heimkomst.

Litt info om hotellet vårt (sjå Aktea Beach Hotel):
http://www.vicit-cyprus.com/Hotell_Agia_Napa.html

Litt info om treningsleirfasilitetane:
http://www.vicit-cyprus.com/

Litt generell info om Kypros:
Sola skin 340 dagar i året, og slepp ikkje taket sjølv om det er vinter. Her vil alle som set pris på sol og varme tvivast godt med bading i krystallklårt vant, god mat og trivelege menneske. Det er også høve til mange spennande utfluktar.

Aviser:
Skandinaviske aviser får ein dagleg tak i om sumaren, nok omeir begrensa utanfor sesong.
Avstandar:
Frå Agia Napa til: Flyplassen 46 km, Fig Tree Bay 10 km, Larnaca 46 km, Nicosia 80 km, Limassol 107 km, Paphos 175 km.

Bading:
Langgrunne, finkorna sandstrender. Begrensa service og tilgang på solsenger om vinteren.

Bussavgangar:
Det tek omlag 45 minuttar til hotella i Agia Napa frå flyplassen.

Elektrisitet:
220/240 V, adapter er nødsynt og kan lånast/leigast på hotellet.

Telefon:
+357. Bra mobiltelefondekning. Til Noreg: +47.......

Tidsforskjell:
Norsk tid +1 time.

Transport:
Taxi inne i Agia Napa ca NOK50: -Til/frå flyplass ca NOK400,-

Valuta og kreditkort:
Frå 1. januar 2008: Euro
Kredittkort vert akseptert på de fleste restaurantar og butikkar. Minibankar er tilgjengelege 24 t

Leigebil:
Kan bestillast gjennom Vicit, Omlag NOK350 kr / dag

Prisnivå:
I butikk: 1 liter vatn = NOK6. 1 flaske brus = NOK7.

tirsdag 18. mars 2008

Fjøra på treningsleir til Kypros

Andre påskedag, 24. mars reiser Fjøra FK til Kypros for 1 vekes treningsleir. Fjøra har dei stiste 2 åra vore til Malaga og ynskte å prøva noko nytt i år. Valet fall på Aiga Napa på Kypros.

Omlag 20 spelarar pluss trenarar og litt støtteapparat tek turen til Kypros. Det vert lagt opp til gjennomføring av 2 treningskampar under opphaldet. I tillegg vert det mange treningar og ein del sosiale arrangement.

Sidan Tom Wolff Navarsete sit heime og tvinnar tommeltottar i år, så kan me ikkje lova dei gode gamaldage reisebreva som har vore så populære tidlegare år. Men me kjem til å prøva oss på eitkvart.

Det er iallefall ein svært motivert gjen som no snart er klar for ei veke med sol og grøne grasbaner.

Fjøra vert innkvartert på Aktea Beach Resort, eit 4 stjernes hotell (sjå bilete).

Snakes!