tirsdag 25. mars 2008

Reisebrev 1

Dette førtse reisebrevet er skrive aldeles i ørska etter ein strabasiøs og lang reise til Kypros. Me kom fram til håtellet om lag kl 06:00 lokal tid og me har no nett fått oss nokre timar på puta. Reisebrev 1 handlar om avklimatisering, avising og tunge biffmiddagar.

Turen frå Sogndal til Gardermoen gjekk heilt etter planen og me var framme på flyplassen rett etter kl 20:00. Vidar Grepstad med sin nymoderne og flotte buss losa oss trygt fram. Sjølv om det gjekk radig unna så merka me slett ingen ting til det og det skuldast nok Grepstad sine fabelaktige eigenskapar bak rattet. Takk, Vidar!

Me stoppa på erverdige Bromma for ein pitstop og litt hallingdølsk sikringskost. Eller som Torbjørn Ylvisåker sa det i matkøen; dersom eg bestiller med ein biff så har eg ete 3 biffmiddagar på 2 dagar. Biff med bernaise og påm fri vart det på Tobbe.

Etter ei ferfekt innsjekking og nauvendige kroppslege erend på Gardermoen (ingen som torer dette i nyebussen til Grepstad :-) var det å venta på flyavgang. Denne vart sjølvsagt utsett som vanleg er for kveldsflya. Ikkje mykje, men me kom oss nok ikkje opp i lufta før etter ein time etter oppsett avreisetid kl 22:05. Tida vart nytta til kortspel. No skal det takast med at vår forsinking var relativt liten i forhold til flyet som skulle til Phuket. Det flyet var 13 timar forsinka så me kan ikkje klaga så altfor mykje.

Rett før take-off vart flyet avisa og Jan Rune Årøy snur seg mot Birdstep og spør om dei er starta med avisinga på vår side. Tunghøyrt som han var svara han som sant var at det ikkje låg noko avisa i setelomma hass…

Elles kunne flyturen til Kypros fortona seg ei avklimatisering frå norsk til kypriotisk klima. Det er utan tvil den varmaste flyturen underteikna har hatt nokon sinne. Flyturen hadde også snev av dramatikk, då ein eldre herremann segna om i flysetet og måtte ha tilførsel av oksygen. Det var nok den fæla varmen i flyet som sytte for dette. Heldigvis gjekk det berre bra med mannen.

Me skal og ta med at Jens-Ivar Nilsen var noko bekymra då han kikka or glaste og til sin store forskrekkelse såg at det var klistra ein diger raud L på vingen. Han trudde moglegeins det var snakk om lærekøyring.Også flyturen nedover tok lengre tid enn planlagd og me landa ikkje før nærmare 05:00 lokal kypriotisk tid. Deretter var det 45 minuttar i buss inn til håtellet. Buss-sjåfføren var hard på gassen for å seie det mildt, noko me ikkje hadde noko som helst i mot. Saman med Grepstad så var nok vår lokale bussjåffør Europas svar på Mikael Schumacher.

Etter ei kjapp innkvartering på rom med utdelt frukost var det rett i seng for slitne spelarar og trenarar. No har me fått 3-4 timar på puta og ein kjapp titt ut vindauga fortel at det vert ein solbrillefin-fin dag på Aiya Napa.

Grunna sein ankomst så vert det ikkje morgontrening i dag, slik at første trening vert kl 16:00.Men til alle som av ein eller annan grunn skulle vera bekymra, så er det ingen grunn til det. Me er vel framme og ser fram til å kome i gang med årets treningsleir.

Me høyrest!



Ingen kommentarer: