lørdag 29. mars 2008

Solid Fjøra-siger over Lödde



Fjøra spelte tidlegare i dag ein svært solid kamp og vann heilt fortent 5-1. Lödde var brukbart med i 1. omgang, men i 2. omgang hang dei periodevis ikkje med og Fjøra putta fire mål.

Fjøra imponerte underteikna i dag. Såg det alt under oppvarminga at gutane var skikkeleg gira og ville vinna den siste kampen her nede. Spelarane gjorde som avtala og gjekk ut med høgt press. Det førte til eit Fjøraovertak utan at det ikkje vart skapt altfor mykje. Sjølv om det ikkje førte til mål så spelte Fjøra god fotball og det var eit svært høgt tempo i kampen til 3. divisjon å vera. Stundom spelte Fjøra seg flott fram og viste litt kva som bur i laget.

Forsvarsmessig var det solid som vanleg og Lödde hadde ikkje mange gode sjansar i laupet av kampen. Lödde var farlegast på dødball og då dei slo i bakrom / korridorar når Fjøra var i ubalanse. Det skjedde ikkje så altfor mange gangene i dagens kamp. Lödde spelar på same nivå som Fjøra borte i Sverige og viste at dei ikkje er noko dårleg lag. I første omgang var dei i høgste grad med og det var kamp. Dei kom også attende ein liten periode i 2. omgang då Fjøra slapp seg litt for langt ned.

Tidleg i kampen hadde Lödde tre cornerar på rappen der den første var farlegast. Fram til då var det Fjøra som sette standarden med sitt høge press. Fjøra sin første sjanse kom etter 18 minuttar då Arild Underdal vart spelt igjennom. Han tok ned den småvanskelege ballen, men vart såpass pressa at han ikkje fekk skikkeleg adresse på avslutninga. Berre to-tre minuttar seinare fekk Fjøra frispark ute på kanten. Det vart slege inn i boksen til Lödde, men headinga gjekk over mål. Så etter 22 minuttar kom Fjøra sin til då største sjanse. Johan Salveson vart spelt fint igjennom ute på venstrekanten. Han tok med seg ballen innover i boksen og prøvde seg med eit skot i lengste hjørna. Lödde sin målvakt varta her opp med ei glimrande redning og slo ballen til corner.

Etter om lag ein halvtimes spel fekk Lödde frispark frå om lag 25 meter nester rett på målet til Bjarte Hovland. Frisparket vart skrudd rundt muren og hadde retning mot vinkelen. Bjarte Hovland var fint med og slo ballen til resultatlaus corner. Dette var vel eigentleg den einaste reelle målsjansen Lödde hadde i 1. omgang.

Fjøra var det førande laget ut omgangen, og for så vidt heile omgangen også, men dei lukkast ikkje heilt med dei siste trekka som kunne ført til store målsjansar. Men 2 minuttar før pause lukkast Fjøra å scora. Det var eit flott angrep også. Terje Flugheim slo opp på ein møtande Arild Underdal som la ballen attende til same mann. Flugheim slo ein gjennombrotspasning til Johan Salveson som hadde starta ute på kanten. Salve jr. slo ballen inn i boksen til Lödde som berre delvis greidde å avklare. Ballen hamna rett utanfor 16-meteren der Jens-Ivar Nilsen hadde kome opp. Han såg at Arild Underdal stod rettvendt og passa ballen til han. Skotet til Underdal gjekk i mål via keeper. Ei svært fortent Fjøra leiing. Berre minuttet etter varta Fjøra opp med eit nytt praktangrep ute på høgrekanten. Det kanskje artigaste med dette angrepet var då Ingmar Sægrov laut ut for å skubbe vekk linemannen, som sprang langs streken side om side med Sægrov. Sægrov måtte bue løpet sitt litt ut for å slå innlegg, men det var umogleg med linjemannen rett att med seg. Difor såg han seg nøydd til å gripa tak i problemet sjølv. Angrepet enda med frispark heilt nede på kanten som det ikkje vart noko ut av.

Ein imponerande god 1. omgang av Fjøra dette her. I pausen gjorde Fjøra eit byte. Inn kom Sverre Martin Langedal og han sytte for den beste einkeltmannsprestasjonen i kampen.

Fjøra gjekk opp i 2-0 etter berre 2 spelte minuttar av 2. omgang. Jens-Ivar Nilsen vann ein duell utanfor Lödde sin 16-meter og prøvde å stikke igjennom til Frode Kvåle som kom på løp bakifrå. Kvåle greidde å få med seg ballen og åleine med målvakten sette han ballen kontrollert inn i hjørna. Fjøra opna 2. omgang som det klart førande laget, og som i 1. omgang, spelte dei stundom lekker og rask fotball der det svenske laget ikkje hadde nubbesjans til å henge med i svingane.

Når eit lag ligg og styrer kampen så kan det koma sjansar ut av ingen ting. Ein slik sjanse hadde Lödde etter om lag 53 minuttar. Dei kom seg rundt på høgrekanten og innlegget var perfekt slege inn på bakerste stolpe. Löddespelaren hadde berre å sette planeten til og redusere. Dette gjorde han også, og alle rundt stadion såg ballen i mål. Men Bjarte Hovland varta opp med ei utruleg reaksjonsredning og stillinga var dermed uforandra.

Minutten etter var det Fjøra sin tur. Ein corner vart slegen inn på bakerste stolpe og me trur det var Ole Morten Kvam som nikka ballen ut at i feltet. Der stod Terje Flugheim og nikka ballen like over mål. Ny god Fjørasjanse. Midtvegs i 2. omgang var det Arild Underdal sin tur til å brenne ein stor målsjanse etter at Sverre Martin Langedal vende vekk ein forsvarar og spelte Underdal åleine med keeper. Underdal prøvde å sette ballen i nærmaste hjørna, men ballen gjekk i nettveggen.

Etter 71 minuttar kom kampens desiderte høgdepunkt. Sverre Martin Langedal fekk ballen på midtstreken. Han vende vekk sin ”ryggsekk”, avanserte mot neste hinder. Med mykje bakrom slo Langedal ballen på ei side og sprang på den andre. Tok att ballen og drog seg inn mot boksen til Lödde. Ein dobbel overstegsfinte, så var neste mann i pølsebua, før Sverre sette ballen bort i lengste hjørna 3-0. Ein makalaus prestasjon.

Etter 75 minuttar hadde Underdal ein stor sjanse då han fekk vende opp på 10 meter og avslutte. Men denne gongen var keeper på platten og redda fint. Tre minuttar seinar gjekk Fjøra opp i 4-0 leiing. Det var enten ein corner eller eit frispark som vart slege inn i boksen. Etter litt klabb og babb inne i boksen så fekk Ole Morten Kvam sett ballen i nota, slik som han har gjort så mange gonger tidlegare denne vinteren.

Lödde skulle få si redusering, men den skulle dei aldri ha fått. På eit heilt uforståeleg vis vart det dømt straffespark til svenskane. Lödde er oppe på eit tilsynelatande ufarleg angrep og Bjarte Hovland skrik at han tek ballen. Han sklir ned på vanleg keepervis og har ballen i fast grep. Inn frå sida kom ein Löddespelar og ramlar over Hovland. Linjedomaren vinkar som målgangen på eit Formel-1 løp og dommaren bles straffe. Peter Blomquist var sikker frå 11-metersmerkjet og dermed 4-1. Slike mål skulle ein ikkje ha fått lov til å kalla for teljande. Terje Flugheim vart så forbanna at han prata på seg eit mariekjeks. Heilt forståeleg sjølvsagt.

To minuttar før slutt fastsette Sverre Martin Langedal sluttresultatet til 5-1. Fjøra fekk frispark heilt ute på kanten

Lödde hadde ein periode i 2. omgang der dei kom litt meir med i kampen. Difor er det ekstra positivt at Fjøra kom attende og avslutta kampen solid til tross for at dei leia kampen så klart som dei gjorde. I staden for å la Lödde koma attende krumma kaftein Nilsens disiplar nakken og kom attende. Imponerande.

Det var mange gode på Fjøra i dag og det vert vanskeleg og heilt feil å dra fram einskildspelarar etter ein så god kollektivt gjennomført kamp. No har Fjøra spelt 2 gode treningskampar her på Kypros og eg tykkjer at laget har kome langt i arbeidet sitt. Utfordringa no framover og når alvoret startar er å halda trøkket oppe på treningsfeltet når ein kjem heim til Sognahallen og Sogndal stadion.

Og til både Kyrre Mats og Ingmar, me har ikkje gløymt tunnellane dykkar :-).

KAMPFAKTA:

Fjøra FK – Lödde 5-1 (1-0)
Ayia Napa, bane 1, laurdag 29. mars 2008, kl 15:00

Mål:
1-0, Arild Underdal, 43 min
2-0, Frode Kvåle, 47 min
3-0, Sverre Martin Langedal, 71 min
4-0, Ole Morten Kvam, 78 min
4-1, Peter Dahlquist, 81 min
5-1, Sverre Martin Langedal

Gule kort:
Frode Kvåle og Terje Flugheim, Fjøra. Ingen til Lödde.

Fjøra (4-4-2): Bjarte Hovland – Torbjørn Ylvisåker, Ole Morten Kvam, Terje Flugheim, Kyrre Mads Myren – Johan Elverum Salveson (Kujtim Marmellaku i 25 min), Jens-Ivar Nilsen, Frode Kvåle (Vegard Ruud i 10 min), Ingmar Sægrov – Sverre Martin Langedal (Ronny Einan i 25 min) og Arild Underdal

Ingen kommentarer: