onsdag 26. mars 2008

Tap mot godt Enköping-lag

Det vart eit relativt klårt 4-1 tap mot Superettanlaget Enköping i dagens treningskamp her nede på Kypros. Enköping framstod som eit svært godt og offensivt lag og tidvis var det nivåskilnad på laga. Men Fjøra skal ha ros for at dei stod på og gav Jesper Blomquists elevar grei kamptrening.

For Fjøra vart dette ein solid fysisk gjennomføring og det tek me med oss i det vidare. Enköping var eit teknisk godt og svært pasningssterkt lag og utover i kampen merka Fjøra dette. Me får trøsta oss med at den motstanden som Fjøra møtte i dag vil me heldigvis ikkje møte ein einaste gong i årets serie.

Kampen opna jamnt der laga følte litt på kvarandre og det kunne faktisk heilt i starten virka som at Fjøra greidde å etablere litt spel også. Men etterkvart så reiv det ballsikre og bevegelege Enköpinglaget til seg eit markant spelemessig overtak og dei starta også å produsera sjansar.

Fjøraspelarane ville så mykje i dag, men dei kom akkurat litt for seint i dei fleste duellane og svenskane fekk spele mykje pasningsspel. Og det gjorde dei bra.

Enköbing tok leiinga etter om lag 19 minuttars spel. Det målet skulle dei aldri ha fått. For det første skulle Johan Salveson hatt eit soleklart frispark på veg inn på Enköpings banehalvdel då han vart takla bakfrå. I staden for frispark til Fjøra knalla dei ballen bak vår forsvarsfirar og i frå vår ståstad så virka det som ein soleklår offside. Dette vil me få prov på når me går igjennom video-opptaket frå kampen. I alle fall så kom ein Enköpingspelar (nr. 10) åleine mot Rune Loven og det vart ein duell ut av situasjonen. Loven stoppa forsøket, men uheldigvis greidde spissen å fange opp returen og lobba ballen over Loven og i tomt bur. Ut frå spel og sjansar var det ingen ting å seie på resultatet, men litt surt at det kom på den måten.

To minuttar seinare fekk Fjøra frispark litt ute på høgrekanten. Ballen vart slege hardt inn i feltet mot bakerste stolpe og der raga Terje Flugheim høgast og nikka ballen inn att i feltet. Den heldt på å nå Arild Underdal som då kunne ha sett den i mål, men han nådde ikkje fram og Enköping fekk avklart.

Dei neste 10 minuttane så hadde svenskane fleire gode sjansar, men Rune Loven var på pletten og fekk slege ballen til corner som det ikkje vart så mykje ut av, sjansemessig.

Etter vel ein halvtimes spel fekk Fjøra frispark heilt nede ved cornerflagget til Enköping. Ballen vart slegen hardt inn på bakerste stolpe der Johan Salveson fekk stå heilt umarkert og nikke på mål. Keeper redda headinga, men han måtte gi retur og ballen hamna ut att i feltet. Ole Morten Kvam ofra seg skikkeleg og brysta vel ballen i mål frå kort hald. Dermed 1-1, mot kampens gang.

Minuttet etter fekk ein Enköpingspelar beskjed om å forlata bana etter at han spytta Ole Morten Kvam i andletet. Både Kvam og Flugheim var noko sinte då spelaren prøvde å filme til seg frispark / straffespark, og gav klar beskjed til spelaren om kva dei meinte om det. Svensken svara med ei spyttklyse og måtte rusle ut av bana. Enköping fekk bytte inn ein annan spelar slik at kampen fortsette 11 mot 11.

Rett før pause gjekk Enköping opp i føringa. Vegard Ruud vart liggjande litt for høgt og Enköping fekk spele ballen på innsida av Ruud og ut mot kant til ein spelar som kom på eit sugande løp. Innlegget var perfekt og ballen vart stanga kontrollert i mål frå 5-6 meters hald. Den hadde ikkje Rune Loven nubbesjans på å fakke. Kanskje vart også Enköping snytt for eit straffespark då den teknisk gode og raske høgrekanten til Enköping kom på eit skikkeleg raid langs kanten. Salveson kom på etterskot, svensken skar inn og Salveson prøvde seg med ei sklitakling skrått bakfrå. Svensken gjekk i bakken og det det spørst om ikkje det var frispark. Spørsmålet var om svensken var innanfor 16-meteren. Meir skjedde det ikkje i 1. omgang. Resultatet 2-1 til Enköping var i alle fall fortent nok, og burde nok ha vore større.

I dei første fem minuttane av 2. omgang skulle Fjøra prøva å stå høgt for å prøva sjokke Enköping. No lukkast ikkje Fjøra heilt med det ballsikre laget, men greit å prøve det ut. Det var Enköping som var det førande laget. Etter 50 minuttar kom den første sjansen, då ein Enköpingspelar knalla til frå 20 meter. Rune Loven var fint nede og slo til corner som det ikkje vart noko ut av.

Etter om lag 60 minuttar var det klart for 3-1 til Enköping. Venstre kantspelar tråkla seg mellom 2-3 Fjøraspelarar og sette ballen til side for Rune Loven. Godt gjort av vingen, men dette målet kunne kanskje vore unngått. Likevel var 3-1 heilt greitt ut frå korleis spelet arta seg denne perioden. Svenskane fortsette trykket mot Fjøra dei neste minuttane og produserte ein del brukbare sjansar utan at det gav teljande resultat.

Etter 65 minuttar fekk Fjøra frispark 25 meter frå Enköpings mål. Ronny Einan gjorde seg klar og løfta ballen over muren og mot næraste stolpe. Ballen gjekk like utanfor stonga. Eit godt forsøk av Einan dette.

I perioden som kom var Fjøra betre med i kampen. Dei greidde å halde litt meir på ball og hadde einskilde angrep via midtbana der ballen gjekk kjapt og presist. Dette førte til nokre innleggssituasjonar som det ikkje vart noko ut av.

Me skal og ta med at Enköping vart snytt for eit mål etter 69 minuttar då linemann vinka for offside som det ikkje var. Ballen hamna i nota og det burde vorte teljande. Tek ein med at 1-0 målet til Enköping truleg aldri skulle ha vore mål så får me vel seie at denne annulleringa vog opp for målet etter 19 minuttar.

Rett før slutt skulle likevel Enköping få sitt 4-1 mål då ein spelar fell ballen på 18-20 meter og knalla til med strak rist. Ballen fauk bort i hjørna utagbart for Rune Loven. Det var bortimot det siste som skjedde på bana.

4-1 gav eit rettvist bilete av kampen, men det er i grunnen ikkje så altfor mykje å henga med nebbet etter for Fjøraspelarane motstanden teke i betraktning. Me møtte eit klart betre lag enn oss, men gav i periodar brukbar motstand. Enköping stilte med 3-4 førstelagsspelarar av særs høg klasse og desse spelarane fekk gjere mykje i dag. Likevel tek me med oss ei positiv oppleving frå kampen, og kanskje også noko å strekka oss litt etter. Laget me møtte i dag holdt god 2. divisjonsstandard målt etter norsk standard.

Periodevis ein godt gjennomført kamp tross klart tap. Bra laginnsats over heile lina mot god motstand. Så lenge me taper kampar så klart som me gjorde i dag så er det jo klart at det er forbetringspotensiale. Det jobbar Asle og Jan Rune med kontinuerleg og det vert stadig betringar. Ei god treningsveke her på Kypros, med innlagd kamp mot Lödde på laurdag er viktige bidrag til forbetring i Fjøra framover.

Dagens domartrio var for å seie det pent av den uinspirerte sorten og dei tok like godt å dømde av kampen 4-5 minuttar før den var ferdig. Utan at det gjorde noko som helst for utfallet av denne kampen :-).

Les meir om kampen på unt.se.


KAMPFAKTA:

Fjøra FK – Enköping SK Fotball 1-4 (1-2)

Ayia Napa, bane 12, onsdag 26. mars 2008, kl 15:00

Mål:
0-1, Anders Lindberg, 19 min
1-1, Ole Morten Kvam, 32 min
1-2, Emil Oremo, 44 min
1-3, Emil Oremo, 59 min
1-4, Linus Bylinn, 81 min

Fjøra (4-4-2): Rune Loven – Vegard Ruud (Sigurd Fardal Nes i 10 min), Ole Morten Kvam, Terje Flugheim, Kyrre Mads Myren – Johan Salveson (Torbjørn Ylvisåker i 45 min), Jens-Ivar Nilsen, Frode Kvåle (Kujtim Marmellaku i 25 min), Ingmar Sægrov – Sverre Martin Langedal (Ronny Einan i 25 min) og Arild Underdal (Frank Elvagjeng i 20 min)

Enköbing (4-2-3-1): Ludwig Bergström - Sebastian Frisén, Sergiy Mytin, Tobias Forsberg, Anton Persson - Jamal Mohamed (utvist, Viktar Sokal i 53 min), Eric Hammar (Rory Davies i 29 min) - Mikael Tukhanen, Linus Bylin, Emil Oremo - Anders Lindberg

Ingen kommentarer: